Gullkorn

Kloke ord og sitater for enhver anledning

Den dag kjem aldri mars 18, 2011

Filed under: Dikt — gullkorn @ 6:38 am

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer;
for um eg søver, eg um deg drøymer.
Um nott og dag er du lika nær,
og best eg ser deg når myrkt det er.

Du leikar kringum meg der eg vankar.
Eg høyrer deg når mitt hjarta bankar.
Du stødt meg fylgjer på ferdi mi,
som skuggen gjeng etter soli si.

Når nokon kjem og i klinka rykkjer,
d’er du som kjem inn til meg eg tykkjer.
Eg sprett frå stolen og vil meg té;
men snart eg sig atter ende ned.

Når vinden lint uti lauvet ruslar,
eg trur d’er du som gjeng der og tuslar!
Når sumt der burte eg ser seg snu,
eg kvekk og trur det må vera du.

I kvar som gjeng og som rid og køyrer,
d’er du eg ser; deg i alt eg høyrer:
i song og fløyte- og fele-låt,
men endå best i min eigen gråt.
.
Forfatter: Aasmund Olavsson Vinje

 

One Response to “Den dag kjem aldri”

  1. Hauge Says:

    Poetry, yes!

    Det var også Verdas Poesidag denne veka.. Kanskje du har lyst til å feire denne med å stemme fram diktet! Det koster deg ei tekstmelding – og du kan vinne bøker, konsertbilletter og hotellweekend. Sjå: http://www.litteraturnett.no

    Ein enkel SMS til 1980: SORLAND 1
    (og send gjerne vidare til andre diktvener i adresseboka di)
    øystein


Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s