Gullkorn

Kloke ord og sitater for enhver anledning

Det står ein og ventar oktober 30, 2010

Filed under: Bekymring,Død,Dikt — gullkorn @ 3:48 am
Tags:

Det står ein mørk ein
og ventar.
For alt eg veit
kan han stå
bak neste sving.
For alt eg veit
kan han gå
i mine enno varme spor.

Og snur eg meg
står han der kanhende
med bortvendt andlet
tyngd av tid.
Tyngd av si eiga visse.

Enno har eg ikkje sett han.
Enno har eg ikkje merka
hans kalde fingrar
kring handa mi.

Eg har berre kjent kjølden
når han gjekk inn
ei onnor dør.

(Ingebjørg Kasin Sandsdalen)

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s