Gullkorn

Kloke ord og sitater for enhver anledning

Ved Rondane april 12, 2010

Filed under: Fjell,Livet,Miljø,Minner — gullkorn @ 6:50 am
Tags: , ,

No ser eg atter slike fjell og dalar
som dei eg i min fyrste ungdom såg,
og same vind den heite panna svalar;
og gullet ligg på snjo som før det låg.
Det er eit barnemål som til meg talar,
og gjer meg tankefull, men endå fjåg.
Med ungdomsminne er den tala blanda:
det strøymer på meg, so eg knapt kan anda.
.
Ja, livet strøymer på meg som det strøymde,
når under snjo eg såg det grøne strå.
Eg drøymer no som før eg altid drøymde,
når slike fjell eg såg i lufti blå.
Eg gløymer dagsens strid som før eg gløymde,
når eg mot kveld av sol eit glimt fekk sjå.
Eg finner vel eit hus som vil meg hysa,
når soli heim til notti vil meg lysa.
.
Alt er som før, men det er meir forklåra,
so dagsens ljos meg synest meire bjart,
og det som beit og skar meg so det såra,
det gjerer sjølve skuggen mindre svart;
sjølv det som til å synda tidt meg dåra,
sjølv det gjer harde fjellet mindre hardt.
Forsona koma atter gamle tankar:
det same hjarta er som eldre bankar.
.
Og kver ein stein eg som ein kjenning finner,
for slik var den eg flaug ikring som gut.
Som det var kjemper spør eg kven som vinner
av den og denne andre håge nut.
Alt minner meg; det minner, og det minner,
til soli burt i snjoen sloknar ut.
Og inn i siste svevn meg ein gong huggar
dei gamle minne og dei gamle skuggar.
.

Skrevet av Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870)

Diktet «Ved Rondane» er skrevet i 1861

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s