Gullkorn

Kloke ord og sitater for enhver anledning

Vårsalme [No livnar det i lundar (1875)] april 12, 2010

Filed under: Dikt,Miljø,Natur,Salmer,Vår,Våren — gullkorn @ 7:08 am
Tags:
Vårsalme [No livnar det i lundar (1875)]
Salme. 1924

Av Elias Blix

No livnar det i lundar, no lauvast det i lid,
den heile skapning stundar no fram til sumars tid.

Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord,
og atter som eit under nytt liv av daude gror.

Guds kyrkja lysa skulde som høgt på berg ein stad,
med sumar utan kulde og utan solarglad.

Guds ord vel alltid lyser, den sol gjeng aldri ned:
det hus som Anden hyser, ligg stødt i ljos og fred.

Men stundom kom då kulde på Herrens kyrkjemark:
det var som Gud seg dulde, og burte var Guds ark.

Det var dei myrke dagar, Guds ord var fåhøyrd segn;
og hjarta frys og klagar, det saknar sol og regn.

So sende Gud sin Ande som dogg på turre jord;
då vakna liv i lande, då grøddest vent Guds ord.

Då er det sæle tider for Kristi kyrkjegrunn;
då lauvast det i lider, då livnar det i lund.

Då ljosnar det i landet frå fjell og ned til fjord;
då losnar tungebandet, då kved Guds folk i kor.

Då skin det yver strender som sol ein sumarkveld:
då gløder kring i grender ein heilag altar-eld.

Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song!
Du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong,

då me med vigsla tunga, med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunga skal lova Herren vår.
 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s