Småjenta spurde
kva er det du held på med
.
strevar med eit dikt
sa eg
.
eg vil gje deg ein stor klem
når du er ferdig
sa ho
så slo ho armane kring halsen min
og klemde alt ho makta
.
eg er ikkje ferdig enno
sa eg
.
eg veit det
sa ho
eg ville berre du skulle vite korleis det kjennest når du får han
.
(Arne Leseth)
